top of page
testing.jpg

Få best mulig utbytte av treninga

Vil du løfte treninga til eit nytt nivå og sikre godt utbytte av treninga du legg ned? Ein god start kan vere å sette ein baseline, altså ein statussjekk. Fjordium tilbyr fleire fysiologiske testar som gir deg ein status på no-situasjon slik at du vidare kan måle progresjon, og ikkje minst korleis du kan bruke resultata i den daglege treninga for å sikre personleg utvikling. 

På Fjordium kan både eliteutøvarar og mosjonistar gjennomføre dei same testane. Vi tilpasser til DITT nivå. 

Vi tilbyr test av maksimalt oksygenopptak (VO2maks-test), samt anaerob terskel test(laktatprofiltest) både på rulleski, løp og sykkel. Andre skreddersydde testar på forespørsel. Gjennom avansert måleutstyr måler vi din utholdenhetskapasitet. Du får ein status på deg sjølv, samtidig svar på kva du bør forbedre, og korleis du bør trene for å få best mulig utbytte av treninga.

Vo2 maks
 

Det maksimale oksygenopptaket (VO2-maks) er kroppen si maksimale evne til å ta opp og utnytte oksygen under dynamisk fysisk arbeid. VO2-maks er ein viktig og avgjerande fysiologisk faktor innan spesielt uthaldsidrettar. Fjordium anbefaler å gjennomføre VO2-maks testen i den bevegelsesforma du vil forbedre, og vi tilbyr testing på rulleski (klassisk og skøyting) løp og med ski (randonnè).


Testen blir gjennomført i løpet av ei fire til seks minutt lang arbeidsbelastning. Vi tilpasser belasting utifrå din fysiske form, og belastninga aukar progressivt under testen. Vi brukar også ei standardisert oppvarming på 10 – 20 minutt for alle.  

Laktatprofil
 

Ein laktatprofil er ei grafisk framstilling av korleis aukande belastning påvierkar laktatkonsentrasjonen i blodet. Altså du definerer din anaerobe terskel.

Anaerob terskel er den høgaste arbeidsbelastning der det er balanse mellom produksjon og eliminasjon av melkesyre. Ved å definere laktatverdiane ved gitte belastningar kan vi hjelpe deg med å optimalisere og kvalitetssikre treninga. Vi anbefaler å kombinere denne testen med test av VO2-maks for ei total vurdering av din fysiske form.


Laktatprofilen blir gjennomført i løpet av fire til seks arbeidsperioder med gradvis aukande belastning. Etter kvar arbeidsperiode måler vi laktatkonsentrasjonen ([La-]) i blodet, hjertefrekvens og oksygenopptaket (VO2). 10 – 20 minutters oppvarming før testen er obligatorisk.

Ta kontakt med oss på roger@fjordium.no for å booke test. 

Prisar testing

Test
Pris
Klubbpris (min 3 stk)
Laktatprofil løp
1000
850
VO2 maks løp
850
750
Laktatprofil + VO2 maks løp
1300
1100
Laktatprofil rulleski
1250
1100
Laktatprofil + VO2 maks rulleski
1500
1300
VO2 maks rulleski
1100
1000

                          

 Eigne prisar for større grupper. Ta kontakt for tilbud.
 

Prisen inkluderer:

  • Gjennomføring av test

  • Kort gjennomgang av testresultater 

  • Video tilsendt i etterkant (for rulleski)


Betaling på staden med kort. Ved faktura kjem gebyr på kr 50 i tillegg. Takk for at du hjelper oss å drive effektivt.

bottom of page