top of page

"Hvem vil du være - og hva vil du bidra med?"

Oppdatert: 15. jan.

Fjordium har gleda av å invitere til foredrag med Øystein "Pølsa" Pettersen i Trivselshagen på Sandane 29.1 kl 20.00 - 21.30!

Gratis inngang med Fjordium som arrangør ilag med Gloppen kommune, Nordfjord Laks AS og Firda vgs.


Øystein har levd som profesjonell skiløpar på elitenivå heile sitt vaksne liv, og gjennom idrettskarriera har han oppnådd mange gode resultat. OL gullet i Vancouver står som det sportslige høgdepunktet. Men Øystein vil heller bli hugsa for kven han er som person framfor resultat han oppnådde i skirenn, eller kor langt han kom i Mesternes Mester.

I si reise i idretten har han jobba med og vore i miljø der prestasjon har vore i fokus, og der fantastiske resultat har vore konsekvensen av arbeidet som har blitt lagt ned. Han har fått ta del i kulturar frå ulike arena, og har blitt lidenskapeleg oppteken av alt som ligg bak det å skape dei gode prestasjonane, dei gode miljøa og dei gode folka.


Foredraget handlar lite om langrenn, men mykje om mekanismane som ligg bak det å få ting til og ikkje minst korleis lage flest mogeleg gode dagar!


Øystein sin draum er å gjere ein forskjell. «Hvem vil du være» handlar ikkje om Øystein, men om deg og at du, familien, klubben eller bedrifta di skal nå sitt potensial.


"Min jobb er ikke å få deg til å tro på meg. Min jobb er å få deg til å tro på deg selv"!


Velkomen til ein inspirerande kveld!











0 kommentarer
bottom of page