top of page

Fjordium konseptet

Utvikling for alle!

Alle har eit utviklingspotensiale uavhengig av nivå og funksjonsnedsettelser. Fjordium Performance Institute jobbar for like muligheter, EN idrett og ETT samfunn! På Fjordium kan alle trene ilag uavhengig av nivå, idrett ambisjon og kropp. 

 

I utvikling for alle, legg vi også vekt på utvikling for trenarar og øvrig støtteapparat. Fjordium konseptet vil utfordre det etablerte tankesettet der synsing og tru pregar mange idrettsmiljø. Gjennom ei faktabasert tilnærming med objektive data, vil utøvar lettare kunne måle utvikling, og ikkje minst definere kva vi bør trene på og korleis. Dette trur vi også vil gjere jobben til trenar og personar rundt utøvaren både lettare og meir interessant!

 

Skal vi så ende opp med at idretten berre blir tal og analyse? På ingen måte! Men brukt på riktig måte er objektive og individuelle tal og analyser svært gode verktøy for vidare utvikling som du kan ta med deg tilbake i treningskvardagen.

thumbnail_IMG_7476.jpg
Johug Beijing.jpg
bottom of page