top of page

Ope hus på Fjordium 27.04!

Oppdatert: 25. apr.

Har du lyst å trene eller berre sjå innom Fjordium?? Kanskje du vil prøve deg på Fjordium Challenge? Laurdag 27.4 kl.12.30 -16.00 er det ope hus på Fjordium!


Denne dagen er det Landsbylaurdag på Sandane med mange kjekke aktivitetar i sentrum. Skigruppa i Fjellhug Vereide og Nordfjord Folkehøgskule riggar blant anna til eit rulleområde der du kan prøve både rulleski, sykkel og ulike typar brett.


Kl 12.30 -16.00 er det berre å kome innom Fjordium og sjå dei flotte lokala våre. Det er også sjølvsagt mogeleg å teste ut møllene enten på rulleski eller med løpesko. Du kan også teste formen på Fjordium Challenge som er ein trippel med 3000 m rulleski eller stakemaskin, 3000 m løp og 2000 m på romaskin. Her handlar det om å utfordre seg sjølv, bli sveitt og konkurrere mot seg sjølv eller andre. Det er mogeleg å tilpasse lengde på øvingane. Sjå video av ein variant under.

Trening og prøving av møllene er gratis, og Fjordium Challenge kostar 200 kr.


Om du vil trene må du booke time på førehand her - Online booking. Om du vil teste ut eller har spørsmål rundt Fjordium Challenge sender du epost til roger@fjordium.no


Ta med eigne skisko og hjelm om du vil prøve rulleskimøllene. Vi har rulleski og stavar!


Velkomen til ein kjekk dag på Sandane!






0 kommentarer

Comments


bottom of page