top of page

ÅRETS GRÜNDER

Oppdatert: 5. apr.




På NordfjordTreffet i påska blei Fjordium kåra til Årets Gründer i Nordfjord! NordfjordTreffet er ei rekrutterings- og nettverksmesse som samlar over 70 bedrifter frå heile Nordfjord til program og stand. Det var svært gledeleg at over 450 deltakarar besøkte messa på Sandane denne dagen!

Fjordium var nominert til prisen saman med mange andre fantastiske bedrifter, så dette var skikkeleg stas!


Fjordium gjev full gass vidare, og vil samtidig få takke alle som trenar hos oss, både lokalt, i regionen og landet for øvrig.

Vi er for alle - uansett nivå, ambisjon og funksjonsnedsettelse!


Ta kontakt med oss om du også har lyst å teste ut fasilitetane!


Foto: Dina Rygg Eide / NordfjordTreffet






Comments


bottom of page